|
Article on other languages:
|
Address Resolution Protocol (ARP) er ein protokoll som opererer på nettverkslaget i OSI-modellen. ARP blir brukt til å koble saman adresser frå datalink-laget og nettverkslaget (IP-adresser. Opprinneleg var ARP utforma for å vere uavhengig av IP-protokollen, men blir nesten utelukkande brukt i samband med IP. Detaljert verkemåteTypisk blir ARP brukt på denne måten; Ein vert bruker IP-protokollen på nettverkslaget, men for å kommunisere med ein annan vert på det lokale nettverket må verten få tak i Ethernet MAC-adressa til mottakaren frå IP-adressa som er kjent. ARP fungerer på den måten at verten som skal sende ei pakke kringkaster ei ARP pakke som inneheld IP-adressa til mottakaren. Sender venter så på eit svar frå verten som har den IP-adressa. Ein vert kan også svare på vegne av andre vertar. Dette kallast proxy arp. Kvar vert på nettverket vedlikeheld ein hurtigbuffer med koblingane mellom IP-adresser og MAC-adresser for å unngå å måtte gjenta prossessen for kvar enkelt pakke som skal bli overført. Oppføringar i hurtigbufferen slettes etter ei viss tid, og verten må sende ein ny ARP-forespørsel. Eksterne lenkjer |
This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.
Mercedes Car
This site monitored by SitePinger.net