Det vert sagt at «New York er den einaste byen arrogant nok til å kalle seg sjølv verdas hovudstad, og den éinaste byen som er i stand til å leve opp til den tittelen».
Staten Island - Richmond County, 443 728 innbyggarar
Historie
New York City 1935
Dei første europarane som busette seg på det som i dag er New York City var nederlendarar. År 1626 kjøpte desse personane den sydlege delen av Manhattan av indianarane og grunnla kolonien Nieuw Amsterdam. År 1664 tok England over byen etter svak motstand frå nederlendarane. Det nye namnet vart New York etter James II som var med på å finansiere overtakinga.
Frå år 1785 til 1790 var New York hovudstad i USA. Under denne tida hadde byen 30 000 innbyggarar og var med det den største i Nord-Amerika. Dette talet vart dobla om lag kvart tiande år. Allereie i 1870 var innbyggartalet éin million. For mange innvandrarar vart New York det første inntrykket av USA. Ellis Island var i lang tid hovudhamna for emigrantar.
Historisk innbyggartal
Samla innbyggartal for dei fem bydelane i New York City: