|
Article on other languages:
|
Ein datamaskin er eit apparat eller ein maskin som kan nyttast til rekning og til å kontrollere operasjonar som kan uttrykkjast med tal eller logiske uttrykk. Datamaskinar er oppbygde av komponentar som utfører enkle, velkjende oppgåver, og det er samspelet mellom desse som gjer det mogleg for datamaskinar å handsama opplysningar. Ved å programmere maskinen kan han nyttast til dømes til å løysa eit problem eller å simulere eit system. Granskinga av teorien, utforminga og bruken av datamaskinar vert kalla informatikk. HovudprinsippDei fyrste datamaskinene, som differansemaskinen åt Charles Babbage, var oppbygd av mekaniske delar. Seinare vart det bygd datamaskinar basert på elektromekaniske relebrytarar, mellom anna av tyskaren Conrad Zuse. Den amerikanske datamaskinen ENIAC, bygd på byrjinga av 1940-talet, var den fyrste elektroniske datamaskinen. I dag er mest alle datamaskinar elektroniske, men det finst ogso maskinar som baserar seg på andre kjende fysiske ovringar. Tidlegare var analoge reknemaskinar vanlege. Desse var som regel baserte på nettverk av operasjonsforsterkarar som kunde gjera vanlege matematiske operasjonar som addisjon, subtraksjon, integrasjon og derivasjon på reine elektriske spenningssignal. Datamaskinar kan ikkje løysa alle matematiske problem. Alan Turing fann ut kva for problem dette galdt, og grunnla med det teoretisk informatikk.
|
This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.
Mercedes Car
This site monitored by SitePinger.net