Fransk er eit romansk språk som vert tala i Frankrike, i Vallonia i Belgia og i Romandie i Sveits og i provinsen Quebec i Canada. Det finst òg ein franskspråkleg minoritet i Italia. Fransk vert òg framleis nytta i mange av dei tidlegare franske koloniane, særleg i Magreb og Vest- og Sentral-Afrika. I mange av desse landa er ikkje fransk offisielt språk, men vert likevel nytta i statsforvaltninga og høgare utdanning. Fransk er eit av dei seks offisielle språka til Dei sameinte nasjonane, og sjølv om engelsk i stort mon har teke over som diplomatspråk, er fransk framleis eit viktig Lingua franca i store delar av verda.
Utbreiingskart for fransk.
(blått=morsmål; lilla=administrasjonsspråk; raudt=utbreidd språk / viktig kulturspråk; grønt=vesentleg minoritetsspråk.)