Gitar

Article in other languages:

Vanleg akustisk gitar av merket Takamine og bassgitar.

Gitar er eit opphaveleg spansk strengeinstrument av tre. Gitaren (akustisk) er samansett av ei lydkasse med hol, ein stol der strengane er festa og ein hals med band. Klangbotnen er vanlegvis av nåletre som gran eller seder, mens hals, sarg og botn er laga av ulike typar harddtre som lønn, rosentre, mahogni og andre.


Innhaldsliste

Klassisk gitar

Klassiske gitarar har nylonstrengar, men det er i dag òg vanleg med stålstrengsgitarar, og mange av desse igjen er utstyrt med mikrofon slik at dei kan spelast på gjennom ein forsterkar.

Elektrisk gitar

Reindyrka elektriske gitarar (òg kalla el-gitar) er også vanlege og vert ofte kalla plankegitar fordi dei ikkje har klangbotn og lydkasse. El-gitarane er konstruert som ein «planke» med magnetiske mikrofonar. Den mest populære plankegitaren er Fender Stratocaster, ein gitartype som har eksistert praktisk talt uforandra sidan 1954.

Teknisk

Gitaren har normalt seks strengar. Tre vert kalla basstrengar, og tre for diskantstrengar. På gitarens «hovud» er det stemmeskruer for å halde instrumentet stemd, og den normale stemminga går i kvarter frå E til A, frå A til D osb, mens intervallet fra G-strengen berre er ein ters opp til H, og deretter kjem nok ein kvart til E. Standardstemming for dei 6 strengane vert difor tonane (frå lågast til høgast) E-A-D-G-H-E, «Ein Anna Dag Gjekk Han Einsam». Gitarar kjem også med tolv strengar (tolvstrengsgitar) som har seks strengepar der dei djupaste strengane er stemd i oktavar.

Mange stemmer om gitaren til open stemming, der strengane vert stemd i ein akkord, som oftast ein dur-akkord. Dette er vanleg innan blues ved bruk av slide eller bottleneck, eit metall- eller glasrøyr som kviler på strengane og lagar tonar utan å røre ved gitarhalsen. Den vanlegaste opne stemminga er D-A-D-G-A-D.

Gitaren er eit ideelt akkordinstrument for bruk ved akkompagnement av song eller eit melodi-instrument, men er eit velkjend soloinstrument òg. Det var særleg klassisistiske komponistar som Fernando Sor og Maurio Guliani som har gitt oss gitarkomposisjonar av høgare kvalitet. Deira sonater og etyder vert ofte spela i vår tid.


Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gitar

Kjelder


Questions for article: gitar chord, kord lagu melayu, kord lagu, akustik kitarr, åpen stemming gitar, batuhan şenyaylar, belajar gitar kod, belajar bass, belajar bass gitar, belajar gitar, belajar gitar klasik

This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.


IHS Europe: Infrared Heating Systems for Home and Business.