|
Article on other languages:
|
Guangzhou (og kjent som Canton, Kanton) er ein av dei viktigaste av storbyane i Kina. Guangzhou er hovudstad i provinsen Guangdong ved Kinas kyst mot Sørkinahavet. Provinsen omfattar eigentleg og dei særskilte administrative regionane Hongkong og Macao. Folketalet innafor bygrensene var i (2004) omtrent 3.244.000, men heile storbyområdet har 6,66 millionar innbyggarar. Byen har tilnamnet Yangcheng (geitebyen). Den økonomiske veksten er kolossal i byen og i heile området på båe sider av munningen til Perleelva heilt ned til Hongkong og Macao. Kinas største eksportmesser finn stad i Guangzhou, éi om våren og éi om hausten. HistorieBusettinga i området går tilbake til 800-talet fvt. Under Qin-dynastiet var Guangzhou hovudstad for prefekturet Nanhai (=Sydhavet). Under Han-dynastiet var Guangzhou ei stund hovudstad i kongedømmet Nanyue. Lenge vart Guangzhou kalla utgangspunktet for "havets silkeveg". Byen hadde handelssamband med heile det sørasiatiske området, så langt vestover som til India og Arabia. Mellom 1757 og 1842 var Guangzhou den einaste handelshavna der utlendingar kunne få kontraktfesta tilgang til å etablere handelshus. Mellom andre Sverige og Danmark-Noreg etablerte slike hus. Det første svenske handelsskipet, "Friedericus Rex Sueciae", kom første gonge til Guangzhou allereie i 1732. Det kantonesiske kjøkkenetI Kina heiter det: "Kantonesarane et alt som symjer, flyg eller har fire bein, unntatt undervassbåtar, flyvemaskinar og bord.". Kanton har eit svært allsidig kjøkken med ei rad særs velsmakande rettar, såvel som rettar som ein europear vil trenge noko tid til å venne seg til. På menyen står og hundekjøtt. KjeldeOmsett frå wikipedia på bokmål/riksmål, den 01.02.2007 |
This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.
Mercedes Car
This site monitored by SitePinger.net