Idrett

Article on other languages:

del.icio.us del.icio.us
Digg Digg
Furl Furl
Reddit Reddit
Rojo Rojo
Add to OnlyWire

Idrett er hard fysisk aktivitet berre for aktiviteten si skuld, sjølv om mange driv med idrett for å halda seg i form, pleia samvær med andre eller vinna noko. Ei idrettsform kan vera så enkel at eit menneske kan gjera han åleine, utan hjelpemiddel, som symjing eller springing. Andre former kan vera innvikla og kreva fleire folk og mykje ekstrautstyr, som hestepolo eller ishockey.

Ein skil ofte mellom lagidrettar og individuelle idrettsgreiner. Det finst òg fleire idrettar ein utfører saman med dyr, eller som dyra stort sett står for åleine. Desse kan kallast dyreidrettar.

Det er vanleg å samlast til idrettstevner og store eller små konkurransar. Dei største konkurransane samlar dei beste deltakarane frå heile verda. På grunn av dette får dei òg store sponsormiddel. Dei største konkurransane er verdsmeisterskap og dei olympiske leikane, OL.

I Noreg har ein tradisjonelt drive mykje med vinteridrettar, og landet har teke fleire medaljar i tevlingar rundt desse, som dei olympiske vinterleikane. Tradisjonelle norske idretter er hurtigløp på skøyter, langrenn, skihopping og kombinert. Hvis ein har utmerka seg i fleire idrettsgreiner, kan ein få Egebergs Ærespris.

Sjå òg

This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.


Giant Panda

Mercedes Car
James Bond Guide
This site monitored by SitePinger.net