Los Angeles (ofte korta til LA) er ein storby sør i delstaten California på vestkysten av USA. Los Angeles er den største byen i California, og den nest største byen i USA med eit innbyggjartal på 3 798 981 (2002), med forstadar kring 17,5 millioner.
LA ligg i Los Angeles County. Byen er USA sitt største byområde i utstrekning, med kring 1200 km² i samla flatevidd.
Europearar kom til Los Angeles fyrste gong i 1542, då spanjolenJuan Cabrillo reiste gjennom området. Det var ikkje før i 1769 at spanjolane etablerte ein varig busetnad i området, da dei etablerte Mission San Gabriel Arcangel her.
Den 4. september1781 grunnla nybyggjarar frå misjonen ein by. Denne byen vart kalt El Pueblo de Nuestra Señora la Reina de los Ángeles de la Porciúncula. Namnet syner tilknytting til Fransiskanarane.