|
Panjab (persisk for 'fem elver'), også skrive Punjab, er ein delstat i India. Han utgjer minstedelen av det historiske området Panjab, og grenser til Panjab i Pakistan i vest, Jammu og Kashmir i nord, Himachal Pradesh i nordaust, Haryana i sør og Rajasthan i sørvest.
Området kom under britisk styre då Det britiske austindiakompaniet annekterte Panjab i 1849. Då Britisk India fekk sjølvstende i 1947 blei Panjab delt i ein hovudsakleg muslimsk og ein hovudsakleg sikhistisk og hinduistisk del. Den indiske delstaten blei delt igjen i 1966, då Haryana og Himachal Pradesh blei skilde ut.
Sikhisme er i dag den største religionen i indisk Panjab. Her ligg byen Amritsar med Det gylne tempelet, sikhane sin heilagaste stad.
Størstedelen av Panjab er sletteland, med eit fjellmassiv i nord. Trass i lite nedbør er Panjab eit rikt jordbruksområde grunna kunstig vatning frå det store elvesystemet som dekker landet. Dei viktigaste avlingane er kveite og ris.
Chandigarh, som er eit føderalt territorium, er huvudstad i Panjab.
Kjelder
Questions for article:
|