|
Article on other languages:
|
Sjå òg Guinea (fleirtyding)
Papua Nya Guinea er ein stat på den austlege halvdelen av øya Ny-Guinea og fleire tilliggjane småøyar vest i Stillehavet. Landet ligg i verdsdelen Oseania og grensar til Indonesia i vest. Tidlegare var den nordlege delen av øya tysk koloni, medan den sørlege var britisk og seinare australsk koloni.
HistorieDet har vore menneske på Ny Guinea frå sværet gamal tid. Ein har funne menneskelaga gjenstandar som kan vera kring 60 000 år gamle. Menneska kom truleg frå søraust- Asia. Lite er kjend om historia til Ny Guinea før 1800-talet, sjølv om europeiske oppdagarar kom til området på 1500-talet. Den nordlege delen av landet vart i 1880-åra ein tysk koloni, Deutsch Neuguinea. Under fyrste verdskrig vart området okkupert av Australia som òg administrerade den sørlege delen av øya. I 1975 vart Papua Ny-Guinea sjølvstendig. På øya Bougainville fanst det allereie då ei sjølvstenderørsle. Øya er viktig for økonomien til landet, i og med kopargruva der. I 1998 braut det ut opne stridar som skal ha kosta 20 000 menneskeliv. På øya finst det no fredsstyrkar frå fleire land. Det går føre seg ein fredsprosess som kan leia til ei folkerøysting om sjølvstende innan år 2010. GeografiNy-Guinea har ein sentral fjellkjede som er skapt på same måte som Himalaya, ved at den indo-australske kontinentplata kolliderte med den eurasiske og dytta opp landet i treffpunktet. Denne sentrale fjellkjeda er så høg at ein finn det sjeldne fenomenet isbrear ved ekvator her. Økologi
Skogdekka fjellside som blir brukt til både jakt, matsanking og dyrking.
Som Australia og Antarktis er Ny-Guinea ein tidlegare del av superkontinentet Gondwana, som braut opp for 135-65 millionar år sidan. Det finst mange artar av plantar og dyr som er dei same eller minner om kvarandre på dei ulike landområda. Derimot har mange av øyane som er delar av Papua Ny-Guinea, til dømes New Britain, New Ireland, Bougainville og Admiralty-, Trobriand- og Louisiade-øyane, aldri hatt landbruer til Ny-Guinea. På desse øyane finst få av pattedyra og dei flygeudyktige fuglane som Ny-Guinea og Australia har felles.
Barn bader ved pålehus i Koki i Port Moresby.
Ny-Guinea har eit vått tropisk klima, og har regnskog der indomalayiske plantar som spreidde seg over tronge sund har blanda seg med gammal australsk og antarktisk flora. KlimaDet tropiske klimaet i landet gjev ein god del nedbør, men dei store fjellrekkjene gjer at ein har store variasjonar i kor mykje regn ein får og kortid på året regnet kjem. Temperaturane er høge i låglandet og endrar seg lite gjennom året. Port Moresby har ein årleg nedbørsnormal på 1125 mm, og er ein av dei tørraste stadane på øya. Dei fleste stader får 2000-3000 mm med regn kvart år, men i fjellområda kan ein få så mykje som 5000 mm. Dei høgaste fjelltoppane i dei vestlege områda har derimot svært låge temperaturar og er dekka med snø året rundt, sjølv om dei finn seg så nær ekvator. Det meste av regnet kjem i kraftige byger, som regel i samband med torevêr om ettermiddagen og kvelden, men ein kan ha lengre periodar med regn i dei våtaste månadane. Vêret i låglandet er lummert og fuktg, men i høgareliggande strøk kan ein ha meir behaglege forhold. Det meste av øya er svært lite tilgjengeleg, og enkelte delar av øya er lite kjend og utforska. AnnaPapua er eit malayisk ord for det krøllete håret til melanesarar og Ny-Guinea' kjem frå ein spansk oppdagar som meint urfolke på øya likna på dei som budde i Guinea i Afrika.
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.
Mercedes Car
This site monitored by SitePinger.net