|
Article on other languages:
|
Québec (fransk [kʰəˈbɛk]) eller Quebec (engelsk [kʰwəˈbɛk] eller som fransk) er ein provins i austre Canada. Quebec er den største provinsen i utstrekking og det nest største administrative området, etter territoriet Nunavut. Han er den andre folkerikaste i landet, med mesteparten av innbyggjarane busette langs eller nær Saint Lawrence-elva. Han grenser til Ontario, New Brunswick, Newfoundland og Labrador, og til USA (statane New York, Vermont, New Hampshire og Maine) i sør.
Det offisielle språket i provinsen er fransk; dette er den einaste provinsen i Canada der engelsk ikkje har denne statusen.
|